Fjordheim Gjestegård

Litt om oss
Ynskjer du meir informasjon

Fjordheim Gjestegård.

I 2013 kjøpte organisasjonen Rusomsorg Vest Fjordheim Gjestegård.

Fjordheim Gjestegård var då tenkt som eit tilbod om ettervern for rusavhengige.

I dag heiter organisasjonen Fjordheim Gjestegård og er eit omsorgssenter for den som treng støtte og hjelp i vanskelege, krevande prosessar og utfordringar i livet, særlig med tanke på rusavhengige. Fjordheim Gjestegård ligg i vakre bygda Tafjord i Fjord kommune. Her kan ein bu over kortare eller lengre perioder. Tilbudet er for menn og kvinner over 18 år. Fjordheim Gjestegård ligg inst i Tafjorden og nær Tafjordfjella og Reinheimen nasjonalpark. Både fjella og fjorden innbyr til aktivt bruk.

Fjordheim Gjestegård disponerer eigen båt som egnar seg godt til ein tur på fjorden for å fiske, eller for å nyte naturen og den friske sjølufta.

I nærområda og fjella rundt Fjordheim Gjestegård er det mogleg å gå både kortare og lengre turar. Fjordheim Gjestegård har elles eit treningsrom for den som vil byggje muskler og kondisjon på den måten.

På Fjordheim Gjestegård er arbeidsterapi ein del av kvardagen. Den enkelte beboer har faste rutiner og arbeidsoppgaver. Medarbeiderne har tett oppfølging med beboerne og har jevnlig faste samtaler med den enkelte.

Kvar morgon har vi samling der song, undervisning og samtaler er hovedkomponentene i samlinga. Etter morgonsamlinga er det gjennomgang av dagen og elles aktuell informasjon.

EnglishNorwegian